mandag 16. april 2012

Ukas foto (16)

Lukker 1/125   Blender f/1,4   ISO 100   Fotoapparat Canon EOS 7D

Maren skriver om ukas foto:
"I dette fotoet ynskja eg å få fram ei roleg og idyllisk stemning, som saman med ballongane kan gi assosiasjonar til barndom, glede og leik. Sløyfene er også med på å gi biletet eit leikent uttrykk, noko som gjorde at eg likte biletet endå betre. På dette biletet brukte eg kameraet Canon EOS 7D med 30 mm objektiv, som hjelp meg med å fanga ein liten detalj og gjer det andre utydeleg. Ein ting som blei svært tydeleg når eg lånte dette kameraet var at bileta med eit så mykje dyrare kamera vart mykje betre. Det var ikkje nødvendig å redigere biletet, og dei blei veldig klart og fint i fargane. Lyset ligg jamt over biletet, men blir framleis reflektert i ballongane og skapar volum. Ballongane er med på å skape ei diagonal linje på den øvre høgre halvdel av biletet, noko som skapar spenning i biletet. Biletet er blitt delt opp i forgrunn (handa), ballongane (fokuspunkt) og bakgrunn (graset), noko som skapar romverkning i biletet. Plassering av kameraet og vinkelen får det til å følast som om det er du sjølv som ser ned på ballongane i handa, og er det ikkje det eit bilete skal? Fanga eit augenblink slik at ein sjølv og andre kan leva det om og om igjen?"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar